"Signerte: Den kaizersfrelste Elizabeth Notø fekk trygla seg til eit møte med helten, og fekk treffe Jan Ove Ottesen (han heter Janove btw!) som like før hadde avslutta ein tretimars lang konsert i Florø. Det er så fantastisk, og no skal eg rett til tatovøren, sa Notø etterpå og sette i gang med å ringe. Ho har lenge ønskt å få signaturen til Kaizers på armen og forevige den saman med motivet frå Violeta Violeta-triologien. Alle foto: Maiken Aannevik Solbakken".
"2000 meir eller mindre kaizersfrelste gjekk laurdag heim frå det som trygt kan slåast fast å vere Florøs største hending på rockefronten. For Elizabeth Notø og Vibekke Birkelid vart opplevinga løfta til nye høgder då dei sikra seg tatovering ført i pennen av sjølvaste «dirigenten»".
Per Øyvind, du må hjelpe meg! seier Notø til Helle etter konserten er over og folk har byrja å forlate lokalet. På armen har ho ei tatovering av motivet som pregar coveret til Violeta Violeta-triologien.
- Eg har ein tatovør på stand-by og vil forevige signaturen til Kaizers på armen. Kan eg få møte dei ? tryglar Notø.
For Notø er Kaizers Orchestra-konserten i Florø den andre denne veka, etter at ho såg dei i Bergen tidlegare i veka. Hipphipp-gründer Per Øyvind Helle let seg lett rive med. Sjølv om bandet har gitt klare instruksar på at ingen skal få komme bak scena verken før eller etter konserten, får Helle likevel hjula til å rulle.
Religiøst
Vibekke Birkelid har reist heilt frå Oslo for å treffe idola sine.
- Det høyrest kanskje sprøtt ut, men eg har aldri forstått dette med religion. Ikkje før eg oppdaga Kaizers for åtte år tilbake. Dei siste seks åra har eg vore blodfan, fortel Birkelid.
Ho brukar Kaizers-songen «Prosessen» for å male bildet av kva ho meiner med religion og det å høyre til noko. Denne konserten er hennar tiande på åtte år. På skuldra har ho tatoveringa av det runde kaizersmotivet med ein mann med gassmaske i midten. Gjennom kontaktar og med eit rykte som blodfan, fekk ho komme backstage i håp om å møte gudane sine.
Jan Ove leverte
Etter mykje om og men, kjem sjefen sjølv ut. Jan Ove Ottesen, vokalisten i bandet har på seg hatt og dressjakke, og har berre for ein time sidan avslutta konserten. Jentene skildrar han som «Verdas Kjekkaste Mann». Då han endeleg står der framfor dei, smiler dei nervøst og delvis paralysert.
Per Øyvind legg entusiastisk ut om Notø. Ein lun og nøgd Kaizers-sjef signerer velvillig på armen medan Notø nærmast held pusten. Like etter «mannar» Birkelid seg opp. Ho som til no har stått stille i bakgrunnen. Etter møtet går begge damene derifrå med Ottesen sine etterlengta pennestrøk på kroppen.
Det her er heilt vanvittig, og eg skjønnar det eigentleg ikkje enno. No føler eg at eg må tatovere, men det gjer så vondt, grugledar Birkelid seg.
- Nei då, det gjer det ikkje. Dessutan må det forevigast, stemmer Notø i.
- Herleg! Tenk, no er vi svirevener, avsluttar Birkelid.
Eg vil fortelle med egne ord og bilder om opplevelsen, men det får vente litt ;) Dette intervjuet er hentet fra Firdaposten sin nettside. Link under.



Hehe, så kult!
SvarSlett:D
Slett'Tattooverte du det også???? Så bra da!! Endelig fikk du treffe han! :)
SvarSlettJa, endelig!! :D
SlettMen.. det kan da umulig være bra å tatovere oppå sprittusj med tanke på at du får tusj i det åpne såret? Kult var det nå absolutt uansett. :)
SvarSlettDet tenkte eg ikke på før etterpå... men tror det gikk bra ;) Tatovøren sa ingenting til det heller.
SlettKult!! Han er forresten døds hot.;)
SvarSlettMen det er hemmelig ;)
SlettÅh hørtes helt fantastisk ut!!! :D <3
SvarSlettTipper du er fornøyd nå :*
Det går ikke an å beskrive :D
SlettSå utrolig kult og morsomt! :)
SvarSlettSV: Må svare deg her jeg. Mamma er innom bloggen innimellom, og ettersom jeg ikke har verdens beste økonomi for tiden, så kunne jeg ikke si at "produktprøvene" er noe jeg faktisk har betalt for. (Da ville hun bare gitt meg en leksjon i hvordan jeg feilprioriterer økonomien min ;p)
Jeg bestilte prøver på produktene fra TheBodyNeeds. Følte jeg ville prøve de før jeg faktisk brukte penger på å kjøpe de. Nå vet jeg i alle fall at samtlige produkter er noe jeg skal kjøpe når økonomien blir litt bedre ;)
Det var det jammen så visst ;) \\Hehe, da skjønner eg litt mer ;) Eg har aldri bestilt derfra, eller hørt om den siden før faktisk :)
SlettSmart side om man ønsker å prøve produkter fra MAC før man kjøper full-size produkter =)
SlettSkal sjekke den ut :) Takk for tips!
SlettWow, så kult! :D
SvarSlettKjempegøy at du fikk komme backstage og fikk autograf!
Iiih, ja :D
SlettSoppas du ja, fantastisk!
SvarSlettSåpass ja ;) Hehe...
SlettDin heldiggris! :D Vet hvor spesielt det er å få møte noen man beundrer veldig (eller er forguder kanskje mer passende?).
SvarSlettJeg elsker tatoveringen din! Den er nydelig utført, og er jo et kunstverk :D Skulle gjerne hatt den selv (på ryggen)
Føler meg utrolig heldig! :D Tusen takk for det :)
Slett